KOLOFON FORLAG AS
KOLORITT FORLAG AS

Nedre Slottsgate 5
0157 Oslo
Telefon: 22 82 51 00
Telefaks: 22 82 51 01
E-post:post@kolofonshop.no



Ein egyptisk sjeik kjem til Vestlandet på 1920-talet for å leite etter eit manuskript som har forsvunne. På øya Kinn vest av Florø finn han ein kodeks frå den mauriske høgkulturen i Spania. Oppdaginga kan vise seg å få dramatiske følgjer for samarbeidet mellom kristne, jødar og muslimar.

På ei anna øy, i ei anna tid, møter vi ei gruppe keltiske munkar, som seinare siglar over havet til Noreg på 1100-talet. På Iona utanfor Skottland følgjer vi livet til abbeden og mannskapet hans i tida før dei legg ut.

Songen frå Toledo er ei kjærleikserklæring til arabisk kultur.